Lars Liens Minnefond

Lars på fisketur
13. august 2007

Foreningen til Lars Liens minne
(Lars Liens Minnefond)
Liavegen 60
3576 HOL
 

E-post:
foreningentil.larsliens.minne@gmail.com


Kontonr.
2333 33 53253

Til familien Lien

Aldri har vel trafikken vore slik i Liavegen
så mange biler og så mange blomster
så mange medfølende mennesker

Det er noko spesielt med denne heimen
der vegger er spekka av kjærleik
Du ser - du kjenner at her er det godhet som råder
- menneske er til for kvarandre
Utan sjøl å vera nærast - vert ein møtt med slik åpenhet og varme
Alle vert det hjå Lien - alle får varme klemmer - alle får høyre
om den flotte og høgt elska gutens kamp desse siste år
Også om den omsorg han hadde for andre - om humor og kreativitet
På tross av all tryggleik og all godhet han møtte der
vart livet for vanskeleg å leva
Den psykiske lidelsen - ei bør han ikkje greide bera lenger
Foreldra såg - dei visste meir enn nokon
korleis han sleit her i livet
For den åpenhet i denne relasjon den var så flott og unik
Ingenting er usnakka der, ingen forstår slik som dei
Så midt i det grusomme savnet - dei greier å unne han kvila
"Vi respekterer det valg han har tatt"
Det krev mot det veit me alle - å ta dette drastiske steg
Men la oss alle respektere og vite han nå kviler i grøne enger
Han har funne den etterlengta freden
Ingen forstyrrande tankar eksisterer der
kun gode tankar - og mon tro ei fiskestang...
I undring og beundring eg ser ein familie med den største styrke
det å klare og dele sorgen med så mange
vise korleis det kjennest - våge å vera nær
Trur de har lært meg masse kjære Liv Esther & Jens Olav
om det å vera sant menneske!
Phil Bosmans han seier at trøst består ikkje av ein flom av ord
men er som ei mild salve på eit djupt sår
- og som ei mjuk hand på hodet ditt som gir deg ro
Må de få kjenne det slik i dagane som kjem
den gudgitte ro, dette sterke nærvær

Gunni



(Gjengitt med tillatelse fra avsender)